Carousel settings
Container operations
Height (px)
Height (px) mobile
Timer (ms)
Display numbers on dots
Do not rotate
Navigate on mouseover
Keep aspect ratio
Height is maximum height
Hide navdots


Heilt ny modellserie frå Valtra!

Ny G-serie lansert i 5. generasjonen Valtra-traktorar
______________________________________________________

G-serien som blei lansert for flere tusen interesserte nyleg , er den fyrste i 5. generasjonen av Valtra-traktorar.
På storleik glir den elegant inn mellom A- og N-serien.

G-serien er også den fyrste traktoren i 100–145 hk klassen som tilbyr SmartTouch-betjening i tillegg til alle funksjonar for presisjonslandbruk. Valtra Connect-telemetri er også standard på Versu-modellar i G-serien, medan sterk lastfølende hydraulikk er standard på Active- og Versu-modellar. Den nye G-serien er tilgjengeleg i fira utstyrsnivå:
Basic, Comfort, Technology og Technology Pro.
Kundar vil også kunne bestilla sine finskproduserte traktorar i G-serien med skreddersydde funksjonar frå Unlimited Studio på fabrikken.
Den nye G-serien er svært godt eigna for alle arbeidsoppgåver på gården som f.eks. frontlastaroppgåver, åkersprøyting, produksjon av fôr og dyrking av grønnsaker ved hjelp av teknikkar for “smart farming". 
Den nye Valtra G-serien er enkel å betene, vedlikehalde og anskaffa. Den er konstruert for krevjande frontlasteroppgåver, og utgangspunktet for designet var å tilby den beste sikta og komforten. Den kan spesifiserast i henhald til individuelle behov, driftskostnadane kan bereknast nøyaktig takka væra tilpassa finansieringsløysingar og servicekontraktar. Med Valtras 5-års fabrikkgaranti blir  bruk av traktoren forutsigbar og bekymringslaus. 


Moderne og romslig førerhus
G-serien har eit moderne og romsleg førarhus med 5,7 kvadratmeter glas, inkludert 0,35 kvadratmeter i panoramataket. Førarhusfjøring forbetrar komforten ytterlegare saman med oppvarma spegl, klimaanlegg, eit lågtmontert varmeapparat og USB ladekontaktar som er tilgjengelege med ekstra straumpakke.
Versu-modellar med SmartTouch-betening får tilgang til dei same SmartFarming-funksjonane som dei større N- og T-serie-modellane. Active-modellar er også tilgjengelege med sporfølging og funksjonar for presisjonslandbruk som kan aktiverast via SmartTouch Extend-terminalen.

G-serien er designa til å væra den ideelle traktoren for frontlasteroppgåver. Den tilbyr utmerka sikt, god vektfordeling, frontlastar som er integrert med traktorkroppen, ein hydraulikkassistent som automatisk aukar motorturtallet, og Live 3-funksjonen, som gjer det mogleg å bruka opptil tre forskjellige frontlastarfunksjonar samtidig. 
I tillegg til oppgåver ute i felten og på gården, er G-serien også eigna i skogbruket - slik Valtra-traktorar alltid har vore. For oppgåver i skogen kan G-serien spesifiserast med smale skjermar, ståltank, polykarbonatglas, skogsdekk, eit svingbart sete og førarhusbeskyttelse. Den ekstra lyspakken gjer fira arbeidslys framme og seks bak, som også slåast på automatisk når du ryggar, noko som lettar arbeidet i mørket.


llsidig transmisjon for mange arbeidsoppgåver

G-serien har ein 24 + 24R transmisjon med fira seriar og seks hurtiggir. Skifting frå B- til C-serien og mellom C- og D-serien er automatisert, noko som gjer det endå enklere å betene traktoren, spesielt utan på vegen. På tradisjonell Valtra-måte er parkeringsbremsen integrert med vendegirspaken, og føraren kan også programmera transmisjonsinnstillinger. Den lågaste arbeidshastigheten med krypeserie er berre 120 meter i timen, noko som er ideelt f.eks. ved dyrking av grønnsaker.
Versu-modellar kan betenast kun med kjørespaken, og andre modellar krev heller ikkje mykje bruk av kløtsjpedalen takka væra AutoTraction. Bakke-hald-funksjonen held traktoren stille sjølv i bratte bakkar utan å måtte bruka bremsane.
HiTech-modellane har hydraulikksystem med opent senter som gjer 100 l/min, medan Active- og Versu-modellar har lastfølande hydraulikk som gjer 110 l/min. Opptil fira eksterne hydraulikkventilar er tilgjengelege både framme og bak. Versu-modellar kan leverast med opptil fem eksterne hydraulikkventilar bak og opptil fira ventilar framme.
Minste løftekraft bak er 50 kN over heile løfteområde og 30 kN framme. Kraftuttak framme leverast også. Vegavhengig kraftuttak bak, samt to ekstra kraftuttakshastigheiter leverast også.


Driftssikker og kompakt AGCO Power-motor
Den nye G-serien drivast av driftssikre 4-sylindrede 4,4-liters AGCO Power-motorar. Den kompakte storleiken på motoren mogleggjer ein veldig låg front som gjer utmerka sikt. Motoren overheld Stage V-utslepp utan resirkulering av avgassane. Ein elektronisk wastegate-ventil og Bosch common rail -innsprøyting med 1600 bar gjer rask respons og rikeleg med dreiemoment over eit breidt turtallsområde. Alle modellar tilbyr effektauking også i lågare hastigheitar ute på feltet når du kjører i B5 eller høgare gir. Valtra sin tradisjonelle Sigma Power boost er også tilgjengeleg for kraftuttaket.
G125 Eco er den drivstoffeffektive EcoPower-modellen som lar føraren velge Power- eller Eco-modus, noko som senker motorturtallet og auker dreiemomentet opp til 555 Nm. Valtras EcoPower-modellar sparar natur, pengar og hørsel takka være lågare støynivå.



Ta kontakt med Tor-Bjørn Kolltveit ved interesse eller rein nysgjerrigheit!

Tlf. +47 992 82 858
E-post:  tor-bjorn@gules.no


      


Du finn oss også på Facebook!
Følg oss gjerne for tilbod og nyheiter frå Gule's Landbruk.
@guleshordaland #guleslandbruk

Gule's 
firmapost@gules.no | Tlf. 56 55 53 19
Copyright @ 2017 Gule’s.  - Levert av Bukken AS
System provided by GetShop AS - www.getshop.com